Lucy Smith på høgskulen fredag kveld.
I samband med diskusjonen om tvangsutsending av mindreårige asylsøkarar, er det reist spørsmål om kva vektlegging norske styresmakter legg på barnekonvensjonen i forhold til barna sine rettar.
Eit særs aktuelt foredrag i den samanheng, vert halde fredag kveld på Høgskolen i Harstad. Harstad og omegn juristnettverk har invitert Dr. juris Lucy Smith, som vil ta for seg Barnekonvensjonens betydning innen norsk rett.
Lucy Smith er idag tilknytta Det juridiske fakultet i Oslo. Ho har tidlegare innehatt stillinga som rektor ved Universitetet i Oslo (1993-1999). Hennar fagområde har vore barnerett, avtalerett og selskapsrett. Seinare har ho konsentrert seg om barnerett og menneskerettar.
Lucy Smith har vore styreleiar på Norsk senter for menneskerettar og har sete i styra til fleire humanitære organisasjonar og næringsverksemder. Smith var medlem i FNs barnekomité frå 2003 til 2009, og i åra 1983-1986 var ho medlem av CEDAW (UN Committee on the Elimination of Discrimination against Women).
Foredraget fredag kl. 18:00 er ope for alle interesserte. Det er ei deltakeravgift på kr.100, men inga førhandspåmelding. Registrering og kaffi frå kl. 17:30





